Program
Sofokles
Antigone
Premiere 5. april 2025, Bergen Kjøtt
Varighet: ca 1 time og 50 min (ingen pause)
Om framsyninga
Eit evig drama om moral og mot.
Les meir om framsyninga
«Antigone» av Sofokles er ein av dei mest gripande forteljingane i teaterhistoria, ein gresk tragedie som har rørt oss i meir enn 2000 år. Den unge Antigone trosser forbodet til kong Kreon og gjer det ho sjølv meiner er rett: Bror hennar, Polyneikes, fortener ei verdig grav, om ho så må gi han det sjølv.
At kongen meiner han er ein landsforrædar, tek ikkje frå han menneskeverdet eller svekkar kjærleiken ho har til han. At kongen også er hennar og Polyneikes’ onkel, og far til hennar trulova, gjer det sjølvsagt meir komplisert, men Antigone går sine eigne vegar. Med eit djupt personleg mot set ho si tru og samvit framfor statens lover. Oddsa for at ho skal lukkast er mildt sagt ikkje gode.
«Antigone» er ei gripande reise gjennom menneske sin kamp for rettferd og individets rett til å følgje si eiga overtyding. Ei historie om tap, kjærleik og urokkeleg vilje. Om familieband, lojalitet, plikt og tankefridom, og om kva det vil seie å vere menneske.
Kjære publikum
Sofokles si gripande forteljing om ei ung kvinne som med stort mot trassar maktspel og krigens råskap, er ei gamal forteljing. Den er og diverre alltid ny. Antigone sin integritet minner om det menneskelege som vi må insistere på – også når omverda si framtoning er umenneskeleg.
Les heile teksten
Vår tid er uroleg. Tryggleik, menneskeverd og grunnleggande verdiar står under press i mykje større grad enn eg hadde sett for meg at eg skulle oppleve i mi levetid. Eg trur ikkje eg er åleine om å streve med å finne fotfeste i det. Med framsyningane «Antigone», «Skammen» og «Marias Testamente» freistar DNS å reflektere over kven vi er som menneske når omstenda rundt oss vert farlege. Kva verdiar er vi villige til å kjempe for og kva plass har sanning og humanisme når maktgriskheit tek over dei narrativa som styrer verda.
Vi er glade og stolte over å ha regissør Alan Øyen «heime» i Bergen att. Med sitt team formidlar han ein «Antigone» for vår tid - og alle tider. Eg håpar den vil gripe deg og stimulere til tankar og samtalar.
Med «Antigone» inviterer vi inn til den første framsyninga i ei rekke der vi vil møte publikum på nye scener medan vi moderniserer huset på Engen. Eg vil nytte høve til å takke tilsette på DNS for at dei legg ut på eventyr i lag og lagar teater på stader der det ikkje normal vert laga teater. Og så vil eg takke publikum som er nysgjerrige og lojale – og som dermed og vert med ut på eventyr i lag med oss.
Vi treng meir enn nokon sinne å komme i lag og reflektere over kven vi er og kva vi skuldar å stå på vakt for.
Velkommen til DNS på nye scener. Velkommen til DNS på Bergen Kjøtt.

Solrun Toft Iversen
Teatersjef
På scenen

Reidun Melvær Berge
Antigone

Stig Amdam
Kreon

Monica Dybwad
Ismene

Peiman Azizpour
Haimon

Sverre Røssummoen
Teiresias

Huy Le Vo
Vaktaren

Ragnhild Gudbrandsen
Evrydike
Henrik Øiestad Garmannslund / Jakob Elias Kivijärvi Hals / Jonatan Wedel Ruben
Menoikeus, (solist)
Øyvind Kothgasser Hafell / Gisle Andersen
Gravferdskonsulent
Medverkande
Av Sofokles
Gjendikta av Halldis Moren Vesaas
Regissør, lyddesign: Alan Lucien Øyen
Scenografi og kostymedesign: Tora Troe
Lysdesign: Geir Hovland
Komponist: Henrik Skram
Dramaturg: Andrew Wale / Lillian Bikset
Inspisient: Kjell Arve Vorland / Kirsti Rosseland / Unni Engan
Maskør: Tonje Mari Ingvaldsen
SFX-hodet og hender, «liket»: Mette Noodt.
Kostymeansvarlig: Linn Therese Michelsen
Rekvisitør: Espen Røen
Lydtekniker: Tor Endre Kalvenes
Lysbordoperatør: Michaela Vyskocil Gettwert
Musikalsk ansvarlig: Helge Lilletvedt
Sangpedagog: Daniel Norum
Statistkoordinator: Sunniva Øiestad
Kostymetekniker: Nina Holvik
Sufflør: Birte Valkyrje Rolland
Sofokles
Sofokles var ein gresk tragediediktar, som levde i år 497/496 til 406/405 fvt. Han skreiv minst 123 dramaer, og sju tragedier er fullstendig bevart. Eit av desse er Antigone, skrive i 442 fvt.
Kilde: Store Norske Leksikon