Program

Astrid Lindgren

Brødrene Løvehjarte

Premiere 7. februar 2026, Fana kulturhus
Varigheit: Omlag 2 timar (inkl. pause)

Om framsyninga

Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.

Historia handler om brørne Jonatan og Karl – eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala – til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine.

Og det slepp han.

For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengil har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»

Kjære publikum

Astrid Lindgrens klassiske forteljing om Jonatan og Kavring er ei tidlaus historie om mot, kjærleik og det å stå opp for det som er rett, også når det kostar. I ei uroleg tid kjennest det ekstra fint å vende tilbake til ei forteljing som minner oss om krafta i fellesskap, fantasi og sivilt mot.

I denne poetiske og visuelt sterke teaterutgåva møter du regissør Miriam Prestøy Lie sitt kunstnarlege lag: scenograf og kostymedesignar Tora Troe, komponist Selma Frida Stang, lyddesignar Viljar Losnegård og lysdesignar Arne Kambestad.

Framsyninga er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene, og har allereie rørt publikum på turné i Vestland. No kjem ho endeleg til Bergen! 

«Brødrene Løvehjarte»er ei framsyning full av spenning, ettertanke og håp. Vi gler oss til å dele den med dykk. 
 
Hjarteleg velkomen til DNS, denne gongen på Fana kulturhus! 

Solrun Toft Iversen
Teatersjef

På scenen

Filip Kremner
Kavring

Jonas Stene Skjelde
Jonatan

Kristian Berg Jåtten
Jussi, Tengil, Tengilsmann, lege

Kristi-Helene Giæver Engeberg
Orvar, Vedel, Tengilsmann, lege

Jonatan Filip
Hubert, Kader, Tengilsmann, lege

Kamilla Grønli Hartvig
Sofia, Mamma, Tengilsmann, lege

Gerald Pettersen
Mattias, lege

Visste du at ... ?

I verda til Brødrene Løvehjarte er ikkje berre sjølve historia spennande. Også eit par av namna til personane har eigne historier, røter og tydingar. Mange av dei har Astrid Lindgren valt med stor omtanke. 

Jonatan

Astrid Lindgren henta inspirasjon til denne gode og modige storebroren frå sin eigen far, som var ein person ho elska å høyre forteljingar frå, og som hadde stor påverknad på ho som barn. Derfor er Jonatan både ein helt og ein forteljar, på same måte som faren hennar var for henne.  

Karl

Karl, som alle kjenner som Kavring, heiter eigentleg berre Karl. Men kallenamnet kjem av noko så enkelt og fint som at Jonatan er svært glad i kavringar. I den svenske originalen heiter han «Skorpan», som også betyr kavring. På dansk blir han òg kalla Tvebak av same grunn. Det betyr at kallenamnet hans kjem rett frå ein liten, sprø brødskorpe som storebroren elskar. 

Løvehjarte

I livet heitte brørne Lejon, altså Løve. Men etter døden får dei namnet Løvehjarte. Dette peikar også mot den historiske figuren Richard Løvehjerte, som har blitt ståande som eit symbol på stort mot og styrke.  

Katla

Katla, den farlege draka, har eit namn som kjem frå norrønt og tyder «kjele» eller «gryte». Det er òg namnet på ein av dei mest kjende vulkanane på Island, som ligg under ein stor isbre og er kjent for kraftige og dramatiske utbrot. Dette gjer namnet ekstra passande for ei drake som sprutar eld, buldrar, og er like ustanseleg som ein vulkan. 

Sofia

Sofia er den som leier motstandsrørsla og sender ut brev med duene sine. Namnet hennar betyr «visdom», og det høver godt når ein ser kor klok og omsorgsfull ho er for folka i Kirsebærdalen.  

Orvar

Orvar, som blir redda frå det mørke fangenskapet, ber eit norrønt namn som betyr «pil» eller «pileskot». Det passar godt for ein av dei viktigaste fridomskjemparane. 

Medvirkende 

Brødrene Løvehjarte

Av Astrid Lindgren
Omsetjing Elise Risnes Eikevik 
Omarbeidd av Toril Solvang-Kayiambakis

Regissør: Miriam Prestøy Lie  
Scenograf og kostymedesignar: Tora Troe 
Komponist: Selma Frida Stang  
Lysdesignar: Arne Kambestad 
Lyddesignar: Viljar Losnegård 
Videodesign: Arne Kambestad og Tora Troe 
Dramaturg: Solrun Toft Iversen 

 

Inspisient: Julie Bakke Kvalen  
Kostymeansvarlig: Maren Wagtskjold-Myran 
Maskør: Silje Benedicte Lie 
Sceneteknisk ansvarlig: Even Kråkenes
Lydtekniker: Tor Endre Kalvenes 
Lysbordoperatør: Kari-Ann Skårbø Sande / Ida Charlotte Brønn 
Kostymetekniker: Julie Jensen  
Sufflør: Britney Elise Sudmann-Mack 


Varar i omalg to timar (inkl. pause) 

Premiere 7. februar 2026, Fana kulturhus


Framsyninga er eit samarbeid med Teater Vestland.

Teaterforlaget Nordiska ApS – www.nordiska.dk 

Foto: Sebastian Dalseide

Litt om Astrid Lindgren 

Astrid Lindgren (1907–2002) var ein svensk forfattar som skreiv nokre av dei mest kjende barnebøkene i verda. Ho voks opp på garden Näs utanfor Vimmerby i Småland, ein barndom som seinare inspirerte mange av bøkene hennar.

Gjennombrotet kom i 1945 med boka om Pippi Langstrømpe, som gjorde ho verdskjend. Seinare skapte ho mange andre figurar som barn elskar, mellom anna Emil frå Lønneberget, barna i Bakkebygrenda, Mio, Ronja Røverdatter og brødrene Løvehjarte.

Astrid Lindgren skreiv meir enn 30 barnebøker og arbeidde også som barnebokredaktør. Bøkene hennar er omsette til over 100 språk og har selt over 150 millionar eksemplar.

Ho fekk ei rekkje prisar for arbeidet sitt, mellom anna den prestisjetunge Hans Christian Andersen-prisen i 1958. Astrid Lindgren brukte også stemma si i samfunnsdebatten, særleg for barns rettar og dyrevelferd.

Ho døydde i 2002, 94 år gammal, men forteljingane hennar lever vidare og blir lesne av barn over heile verda.