Program

Jon Fosse

GITAR-
MANNEN

Premiere 21. januar 2026, Sardinen USF 
Varighet: Ca. 1 time og 15 min (ingen pause)

«Skal nokon lykkast
Må vel også nokon mislykkast».

Ein mann står i undergangen og syng. Dei same songane, dag etter dag. Folk går forbi. Nokre gir ein mynt. Dei fleste ser ned. Men kven er han, og kva ber han på?

Kjære publikum

For Den Nationale Scene byr 2026 på nye rom å spele teater i, medan teaterhuset på Engen blir pussa opp. Vi startar dette året med ei framsyning som har ei særleg historisk tyding for oss.

Jon Fosse, som i dag er ein av verdas mest markante dramatikarar og Nobelprisvinnar, tok sine første steg som dramatikar nettopp på DNS. I 1994 skreiv han ein musikalsk monolog til vår kjære skodespelar Bjørn Willberg Andersen. Eit samarbeid som lenge har lege som ein stille skatt i teaterets historie. No, 32 år seinare, får publikum endeleg møte denne teksten på scenen. Med seg har Bjørn «Bamse» gitaren, og nykomponert musikk av Lars Lillo-Stenberg. 
 

Gitarmannen er ei forteljing som strekkjer seg langt utover historia om ein mann på gata. Ho rører ved liv vi sjeldan ser, ved vala vi tek og dei vi ikkje vågar, ved tilfeldigheiter som kan snu alt. Det er ei framsyning om å finne si eiga røyst. Og om motet som krevst for å bruke ho, sjølv når det kjennest lite eller sårt. 
 

Takk for at du er her og deler denne stunda med oss

Solrun Toft Iversen
Teatersjef

På scena

Bjørn Willberg Andersen

Medverkande

GITARMANNEN
Av Jon Fosse

Regi:Ida Høy 
Musikk:Lars Lillo-Stenberg 
Lysdesign og visuelt konsept:Randiane Sandboe 
Dramaturg:Lillian Bikset 

 

Inspisient:Unni Engan / Helene Kragh Coles 
Songpedagog:Daniel Norum 
Lydteknikar:Daniel Tveit 
Lysteknikar:
Ida Charlotte Brønn / Ragni Alvfrid Karlsen
 
Maskør:Mette Noodt 
Kostymeansvarleg:Vibeke Sebak 
Rekvisitør:Espen Røen / Magnus Holm 
Sufflør: Linda Oline Notøy 

Teaterforlag: Colombine Teaterforlag 

Intervju med Jon Fosse

Vi har snakka med Jon Fosse om korleis «Gitarmannen» blei til, og om reisa stykket har hatt gjennom åra før det no endeleg blir framført i Bergen.

Les heile intervjuet her.

Foto:

Første bilde / forestillingsuttrykk: Helge Hansen og Jonas Boström / Montag

Scenefoto: Sebastian Dalseide