Program
Beth Steel
Til stjernene fell ned
Norgespremiere 8. mai 2026, Skolten
Speletid: 2 timar og 50 min. (inkl. pause)
Om framsyninga
Sylvia og Marek skal gifte seg, og familien er samla til fest. Men når natta fell på og festen kokar over, er det ingen som slepp unna. Det som startar med kjolekrøll og søskenkrangel, utviklar seg til eit eksplosivt familiedrama.
Les mer
Beth Steels «Til stjernene fell ned» er ei varm, vittig og nådelaus forteljing om kjærleik, klasse og behovet for å høyre til. Kva skjer når den lukkelegaste dagen i livet vårt opnar døra til alt vi eigentleg ikkje snakkar om?
Kjære publikum
Nokre gonger oppstår det eit særleg møte mellom stad og forteljing. Denne gongen legg vi til kai på Skolten. Ein stad der menneske i generasjonar har reist ut og kome heim att, med koffertar fulle av håp, lengt og forventningar. No fyller vi det same rommet med teater.
Les mer
Med «Til stjernene fell ned» inviterer vi inn til eit bryllaup som rommar meir enn feiring. På éin intens sommardag kjem kjærleik, motsetnader og gamle spor til overflata. Det handlar om familie og tilhøyrsle, om klasse og draumar og om kor vanskeleg det kan vere å sleppe taket i det som har forma oss.
For oss ved Den Nationale Scene er det ei stor glede å få presentere den kritikarroste teksten til Beth Steel for første gong i Noreg. I møte med Skolten, havet og byen rundt oss, håpar vi framsyninga får ein ekstra klangbotn. Der det nære og det større heng tett saman.
Velkommen til bryllaupsfest, og velkommen til DNS på Skolten!

Solrun Toft Iversen
Teatersjef
På scenen

Kamilla Grønli Hartvig
Hannah

Madalena Sousa Helly-Hansen
Mona

Monica Thomassen Dybwad
Sylvia

Jon Ketil Johnsen
Tony

Jonatan Filip Johansen
John

Teo Tomczuk
Marek

Ragnhild M Gudbrandsen
Tante Karna

Stig Amdam
Onkel Pete

Frida Wee
Lea

Noor Almeland-Stub
Sarah

Nora Olivia Straume Fogliani
Sarah

Hermine Strømsholm
Sarah

Julie Sæbø Larsen
Servitør/statist
Medverkande
Av Beth Steel
Omsett av Selma Lønning Aarø
Regissør: Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesign: Olav Ryland Myrtvedt / Dagny Drage Kleiva
Lysdesigner: Silje Grimstad
Musikk og lyddesign: Alf Lund Godholt
Dramaturg: Kjersti Gulliksrud
Intimitetskoordinator: Alicia Eidesund
Inspisient: Julie Bakke Kvalen / Rebekka Dybvik
Sceneteknisk ansvarleg: Anette Fedje Buseth
Lysmesiter: Kari-Ann Skårbø Sande
Lydteknikar: Tor Endre Kalvenes
Rekvisitør: Espen Røen
Kostymeansvarleg: Vibeke Sebak
Maskør: Silje Benedicte Lie
Kostymeteknikar: Astrid Eisenmenger
Sufflør: Birte Valkyrje Rolland
Teaterforlag: Nordiska ApS
Teo Tomczuk er praktikant frå Copenhagen Acting School.
Scenefoto: Sebastian Dalseide